Assisterande butikkleiar Svein Inge Håland og dagleg leder Stein A. Solstrand

– Eg likar å hjelpe folk, og er det noko som gjev ei ekstra hand i kvardagen så er det kvitevarer. Så når oppvaskmaskinen eller vaskemaskinen står i tusen stein, veit Jærbuen at det er hjelp å få hos oss, seier Solstrand.

Skousen Hvitevarer

• Etablert i Danmark i 1957. Skousen har 27 butikkar i Noreg, tre av dei i Rogaland

• Produkt innanfor oppvask, vask og tørk, kjøl og frys, komfyr og kjøkkenutstyr

• Kvalitetsmerke som Miele, Bosch, Siemens, Bauknecht og Blomberg

Følg oss på Facebook
Jærsk suksess

Sidan 2016 har Solstrand gjort suksess som franchisetakar i den danske kvitevarekjeda Skousen, og fleire av kvitevarene har etter kvart funne vegen frå butikkane på Forus og Mariero, til hus og heim på Jæren.

Den 25. januar opna 51-åringen butikk på Bryne. Og forklaringa på suksessen er enkel, fortel han.

– Ingen likar ein god handel så godt som Jærbuen, men dei vil òg være sikre på at dei kjem heim med det dei har bruk for. Vi gjev folk tryggleik, fordi dei veit, at her handlar eg hos nokon som kan sitt. Det viktigaste for oss, er at me finn dei heilt riktige produkta til våre kundar, seier Solstrand.

Inviterer Jærbuen inn til ein fagprat

Med ei levetid på opptil 10 – 20 år, er ikkje kvitevarer noko ein skifter ut kvar gong det kjem ein ny modell, så Solstrand trur fleire tenkjer langt fram.

– Skousen har meir enn 60-års fartstid i kvitevarebransjen, og det me har lært, er at folk gjerne vil snakke med nokon som veit kva dei sel. Dei ynskjer kvalitet, fordi dette er ei langsiktig investering, seier han.

Ifølgje jærbuen vil dei fleste gjerne sjå varene i butikken, så dei kan førestille seg korleis det er å ha den heime.

  Opnar den som den skal, er den enkel å bruke, det er mange som tenkjer på dette. Når ein kjøper i ein av våre butikkar får ein vite korleis maskinen fungerer, og korleis ein skal bruke dei funksjonane som ein ikkje kjenner til, seier 51-åringen.

Service heile vegen til dørs

  Vil du seie at Skousen Bryne er ein butikk av den gamle sorten?

– Kanskje det, ler Solstrand. Det er litt som å gå tilbake til den gamle måten å handle på, når ein kjøpte varer hos den lokale spesialisten. Det er òg det som er kjernen i Skousen sitt konsept, at me har fagfolk i butikken. Me sel det me er best på, og det er kvitevarer, slår Solstrand fast.

Det er mange som sel kvitevarer, men skal ein vinne kundane er det viktig at servicen er god, hele vegen til dørs.

– Vår idé er å gjere det så enkelt som mogleg for jærbuen å kjøpe kvitevarer. Vi gjev kvalifiserte råd i butikken og tilbyr montering, røyrlegging, elektrikar og heimkøyring – så kan folk sjølv avgjere kva dei treng, seier Solstrand. På godt jærsk så ønskjer vi at det skal væra «sytalaust» å handle hos oss.

Bla i vår kundeavis